Kålrot

Kålrot

Sesong: Juli - november
Oppbevaring: I kjøleskap
Rik på: Vitamin C, folat og kostfiber
Bruk: Ein allsidig grønnsak som kan benyttast i mange forskjellige rettar, suppe, lapskaus, gryterettar, wok, råkost eller etast naturell evt med dip.

LAERDALGRONT-SVERREHJORNEVIK-4180.jpg

Om kålrot

Kålrot, eller kålrabi, er ein gammal kulturplante som har vore dyrka i Noreg frå midten av 1600-tallet. Kålrot er ein nær slektning av kål som det går fram av namnet, men i motsetning til andre kålsortar er det hos kålrot knollen som vert ete, ikkje blada. Fasongen er rund og størrelsen kan variere frå under 1 kilo til 3-4 kilo. Fruktkjøttet er hardt og fast med ein lys gul farge. Kålrot er rik på C-vitaminer og vert ofte kalla Nordens appelsin. Den har ein mild og fin kålsmak og er anvendeleg til mange rettar.


Produsentar


Lærdal Grønt, 6 Grandavegen, Lærdal, Sogn og Fjordane, 6887, Norway57 66 64 08post@lg.no