Tindved

Tindved

Sesong: August - oktober
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Store mengder vitamin C
Bruk: Saft, sausar, dessert, likør og gelé.

tindeved.jpg

Om tindved

Tindved er ein rikt greina busk som får små oransjegule bær på mellom 6 og 10 mm i diameter. Planta veks i Europa, men kjem i hovudsak frå Kina og Russland for kommersiell bruk. I Noreg finnes tindved viltveksande, hovudsakleg rundt Trondheimsfjorden.

Lærdal Grønt SA er i gong med eit prøveprosjekt, der Tindved blir odla i Lærdal. Bæra som kjem på buskane er verdifulle, og kan brukast til både saft, sausar, dessert og gelé. Bæra karakteriserast som saftige og sure med ein særprega aroma.


Produsent


Lærdal Grønt, 6 Grandavegen, Lærdal, Sogn og Fjordane, 6887, Norway57 66 64 08post@lg.no