Lærdals Beste

Lærdals Beste

Sesong: Heile året
Våre sorter: Glen Ample
Oppbevaring: I frys eller kjøleskåp under/etter tining
Rike på: Vitamin C og kostfiber
Bruk: Som friske bær, smoothie eller til dessert med is og andre bær. Dei er og gode til sorbet, kompott, fromasj, bløtkaker og rullekaker - eller som nyrørt syltetøy på skiva. Norske kvalitetsbær heile året.

Lærdals Beste bringebær

Om Lærdals Beste

Lærdals Beste er store, gode bringebær me har frose ned i korger, så du får kvalitetsbær heile året. Bringebæra er plukka når dei er perfekt moden. Me lar dei få litt blåskjær i fargen og sørgjer for at den søte smaken er komen før me plukkar dei. Då bevarar me den ekte, gode bringebærsmaken. Deretter fraktar me dei rett på djupfrys. Bæra startar i sjokkfrys med temperaturar ned i minus 40 grader. Her blir dei værande i eit døgn, før dei tek turen inn på vanleg frys med mellom 25-30 minusgrader.

Lærdal Grønt vann finalen i Det norske måltid i 2018, med Lærdals Beste:

Årets det grønne naturell – Lærdal Grønt med Lærdals beste frosne bringebær
Juryens begrunnelse:
Vinneren har et friskt og innbydende utseende, og dyp, flott farge. Smaken av årets vinner som et livlig pust av sommer – selv om årstiden kan ha skiftet til vinter. Produktet er skånsomt håndtert fra innhøsting og frem til forbruker. Med årets vinner er det tydelig at de lyse og lange sommerdagene Norge kan by på, gir vekster av svært høy kvalitet.



Les meir om Lærdals Beste - frosne bringebær.


Produsentar


Bringebær

Bringebær

Sesong: Midten av juli - august
Våre sorter: Glen Ample
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: vitamin C og kostfiber
Bruk: Som friske bær,smoothie eller til dessert med is og andre bær. Dei er også gode til kompott, fromasj, bløtkaker og rullekaker - eller som nyrørt syltetøy på skiven.

SVERREHJORNEVIK-LAERDALGRONT-27395.jpg

Om bringebær

Bringebærplanta stammar frå Midt-Asia og kom til Norden i byrjinga av 1700-talet. I Norge har villbringebær spreidd seg til stort sett heile landet. Nye sortar hagebringebær er store og fulle av smak. Lange lyse dagar, godt jordsmonn, ubegrensa tilgang på vatn, og avanserte vatningsanlegg gjer at bringebæra i Lærdal blir store og gode. Det blir sagt at ein held seg yngre og friskare ved å ete rikelege mengder bringebær.


Produsentar


Moreller

Moreller

Sesong: Midten av juli - august
Våre sorter: Van, Ulster, Lapins, Regina, Kordia, Skeena og Sweethart
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin C og kostfiber
Bruk: Moreller er utmerka i salatar, som syltetøy og saft, hermetisert og i bakverk eller saman med ost.

Moreller2.jpg

Om moreller

Moreller er ei steinfrukt i slekt med plommer. Moreller og kirsebær omtales ofte om kvarandre, men kirsebær er eigentleg eit namn som omfattar to hovudgrupper: Søtkirsebær, som i Noreg blir kalla moreller, og surkirsebær, som me kallar kirsebær.

Morelltrea kjem opphavleg frå Kina der dei har vore dyrka i 4000 år. Moreller blir no dyrka i alle verdsdeler. Det er to sesongar for moreller, ein på den sørlege halvkula og ein på den den nordlege. Aller sist i den nordlege morellsesongen kjem morellene frå Lærdal. Lang vekstsesong, mykje lys, godt jordsmonn og rikelege mengder friskt vatn gjev morellene frå Lærdal den gode smaken.


Produsentar


Jordbær

Jordbær

Sesong: Slutten av mai - juli
Våre sorter: Polka og Sonata
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin C, kostfiber og ei god kilde til folat.
Bruk: Etast naturell, gjerne med mjølk, fløyte, kesam, cottage cheese eller rømme og sukker. Fint som pynt, kakefyll, i fruktsalat, i milkshake, smoothie, til iskrem eller til sylting. Kan frysast.

LAERDAL-SVERREHJORNEVIK-6387.jpg

Om jordbær

Ein krysning av dei beste jordbærplantane frå Nord- og Sør-Amerika med dei beste europeiske artane førde til dei store, sterkt duftande og saftige jordbæra slik me kjenner dei i dag. Ei vidareutvikling av planta har ført til tusenvis av forskjellige jordbærvariantar for å tilfredstille ulike klimatiske forhold i dyrkarlandet, smakseigenskapar, størrelse og haldbarheit. Eigentleg er jordbæret ein oppsvulma blomsterbotn som inneheld bitte små jordbærfrø som botanisk sett er nøtter.


Produsentar

 

Rips

Rips

Sesong: August - september
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin C og kostfiber
Bruk: Etast naturell til dessert med sukker, vaniljesaus, is eller melk. Egnar seg godt til syltetøy, saft og gelé. God i pai eller som pynt. Rips kan frysast.

SVERREHJORNEVIK-LAERDALGRONT-27511.jpg

Om rips

Rips finnes som raude, gule og kvite bær, men det er dei raude og kvite som er mest vanleg hjå oss. Den raude ripsen har ein noko friskare og meir syrleg smak enn den kvite. Sylting av rips har vore kjend frå 1600-talet og på 1700-talet var buskene svært utbreidd i landet vårt. I norske hagar finnes det svært mange ripsbusker, men det er liten kommersiell produksjon. Rips inneheld stoffet pektin som gjer at dei egnar seg til gelé og sylting.


Produsent


Stikkelsbær

Stikkelsbær

Sesong: Juli - august
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin C og kostfiber (ved inntak av min. 100 g råvare)
Bruk: Etast naturell. Veleigna til gelé, saft og sylting, eller i paiar og kaker. Fantastisk som garnityr til kjøtt og fiskerettar. Kan frysast.

Stikkelsbær.jpg

Om stikkelsbær

Stikkelsbær er i slekt med rips og solbær, men er mykje større og heng ikkje i klasar. Dei kjem frå Kaukasus og det vestlege Afrika, og blei dyrka i Norden frå 1600-talet. Stikkelsbær kan variere noko i utsjåande. Fasongen kan vere rund, men også noko avlang. Skalet varierar frå nesten glatt til håret. Stikkelsbær finst både som grøne, gule, raude og purpurfarga og smaken er søt og litt syrleg. Bær som skal brukast til syltetøy og gelé bør være hausta umodne, medan bær som skal brukast til dessert eller frysast bør være meir modne.


Produsent


Hageblåbær

Hageblåbær

Sesong: Midten av august - oktober
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin E og C, folat og kostfiber.
Bruk: Etast naturell eller med mjølk og sukker. Eignar seg godt til fruktsalatar, blåbærpai, i frukostblandingar og til bakverk. Kan også frysast.

hageblaabaer i laerdal

Om hageblåbær

Hageblåbær er kryssingar mellom fleire nordamerikanske arter. Buskene vert omkring 1 til 2 meter høge, alt etter sort og kultur. I forhold til ville blåbær, er hageblåbær svært store. Vanleg bærvekt er 1,5 til 4 gram. Bæra er fargelause inni, noko som gjer at dei ikkje fargar av på tenner og klede. Smaken minner om vanlege blåbær, men er kanskje noko søtare. Plantene brukar seks til ni år på å nå full produksjon. Bæra heng i klase og modnar eitt for eitt.


Produsent


Aprikos

Aprikos

Sesong: Midten av juli - august
Oppbevaring: I kjøleskap
Rike på: Vitamin E og kostfiber
Bruk: Etast naturell, til dessert med annan frukt, fruktsalatar eller som tilbehør til is. Kan også brukast til fjørferettar og ostefat, samt til fyll i kaker, syltetøy og likør.

LAERDAL-GRONT-SVERREHJORNEVIK-3138.jpg

Om aprikos

Aprikos er ei av dei eldste fruktene vi kjenner til, og kjem frå Kina. Den blir dyrka også sør i Europa ved Middelhavet. Aprikos er mykje lik i størrelse og form som ei plome. Det saftige fruktkjøtet omsluttar ei hard kjerne. Skalet er loddent med ein oransje eller mørk gul farge. Smaken er svakt syrleg og frukta vert eten best som den er.


Produsentar


Lærdal Grønt, 6 Grandavegen, Lærdal, Sogn og Fjordane, 6887, Norway57 66 64 08post@lg.no